Gaute Sortland
Gaute Sortland

Om mitt gode sovehjarte

UKENS MÅKESKRIK: «Eg reknar med at kommentarfeltet vil flomme over med hatefulle ytringar. Middagskvil kan vere provoserande.»

«Eg reknar med at kommentarfeltet vil flomme over med hatefulle ytringar. Middagskvil kan vere provoserande.»

UKENS MÅKESKRIK: Å innrømme at ein elskar middagskvil er å innrømme at ein er ein lat og bedageleg type. Ein ung mann som ikkje passar inn i vårt samfunn. Ein som øydelegg bilete av ein god arbeidstakar og eit godt medmenneske som berre bør tenke effektivitet, effektivitet, effektivitet. Legge seg ned midt på dagen? Nei, det går ikkje an. Men, eg er jo eigentleg ganske effektiv. Og eg elskar middagskvil!

Ja. Nå er det sagt. Eg reknar med at kommentarfeltet vil flomme over med hatefulle ytringar. Middagskvil kan vere provoserande.

Det må vere noko som ligg i familien. Ikkje for å bli heilt Knausgård her og utlevere mine næraste, men fleire av medlemma i familien eg kjem frå har den same svakheita. Etter middag klarar me ikkje stå i mot. Det er som om nokon har slått oss i hovudet med noko tungt. Tankane går sakte og hovudet blir nesten umuleg å halde der det skal vere. Det må leggast ned. Same kor, eigentleg. Og augo må lukkast. I eit av familiealbuma i mine foreldres hus finst det eit på alle måtar flatterande bilete av meg. Eg kan vere fire-fem år, bilete er i halvprofil og eg har sovna ved middagsbordet med hovudet oppi mi nesten tomme suppeskål. Her kjem sjølvsagt også spørsmålet om omsorgssvikt inn i bilete. Stod verkeleg foreldra mine og godta seg, og tok bilete av ungen sin som sov i middagen? Eg lar det ligge og konstaterer berre at lysta til søvn etter middag alltid har vore der.

I dag kan eg også sovne midt på eit golv, så lenge eg får legge meg ned. På turné med bandet mitt har eg mange gonger fått sove inne i trekket til kontrabassen (takk for lånet, Kjetil). Det er ein slett ikkje verst stad, polstra og fin, sjølv om synet nok kan vere ganske komisk. Og sett du meg på eit transportmiddel som bil, tog, fly eller buss verkar det meir eller mindre som om nokon har ein knapp der dei skrur meg av. Snakkast!

Middagskvil og søvn generelt er mi einaste superkraft. Det er det einaste ekstraordinere som skil min kropp frå andre sin. Eg kan som sagt legge meg ned kor som helst, sovne og vakne etter 17,5 min. Utan klokke, og utan at det påverkar nattesøvnen på noko vis. Eg burde fått meg ein trikot med påsydd pute i nakken, gjerne med store bokstavar i fargar på brystet: «MM» kunne det stått. Middagskvil-mannen.

«Middagskvilarane treng ein talsperson, eit ansikt utad. Og det kan godt vere meg.»

Men i mørkare stunder kan ein jo også begynne å lure. Særleg om ein har ein indre hypokonder som berre leitar etter ein anledning for å slå til. Lir eg av ein mangelsjukdom? Eller er det noko endå alvorligare? Så både eg og andre familiemedlem har faktisk vore til legen. Og konklusjonen har vore den same for alle. Me er friske. Bror min fekk beskjed om at han var frisk, men måtte leve med å vere litt slapp. For ein trist beskjed å få av fastlegen eigentleg. Leve med å vere slapp! Då eg til sist kom meg til legen og presenterte mi bekymring over kor trøtt eg var sa han ordrett: «Det er difor Gud har funne opp middagskvilen». Aldri har eg vore sterkare i trua enn etter det legebesøket. Det var ein andakt som trefte meg i hjarterota. Og eg gjekk rett heim og la meg ned på senga, midt på dagen, og med bibelsk godt samvit.

Middagskvilarane treng ein talsperson, eit ansikt utad. Og det kan godt vere meg. Ja, det finst unge, friske menneske som elskar middagskvil. Det kan vere provoserande, men me klarar oss ganske godt. Mange av oss har både ungar og høge boliglån som folk flest. Gi oss berre tid til ein kort middagskvil og ein kopp kaffi etterpå så kan me vere nokre av dei hyggelegaste menneska i verda. Dropp fordommane!

Og om eg nå av ein eller annan grunn skulle bli kjendis og måtte ta tak i det skitne og uærlege arbeidet med å skrive ein sjølvbiografi veit eg iallfall tittelen. Han gir seg på mange måtar sjølv. Gaute M. Sortland: «Født trøtt».

– – –

Ukens måkeskrik rullerer mellom Gaute Sortland, Benedicte Storhaug (neste uke), Arne Valen og Birgit Amalie Nilssen