Her er oppskriftene

Herdis og Astrid Elin Lønning er ukens kokkegjester i Frokost TV. De lager fantastiske lefser og nordlandskaker.
LEFSER
1 L heilmjølk
200gr melange
150gr sukker
1 liten kopp semulegryn
 
Dag 1:
1. Kok opp mjølk, sukker og melange
2. Ha i semulegryn og visp godt
3. Kok alt i 10 minutt
4. Ha på lokk og sett vekk til neste dag
 
Dag 2:
1. Ha i 3 egg og 3dl rømme.
2. 50 gr gjær og 1ts hjortesalt røres ut i ein skvett med lunka vatn. Ha i røra.
3. Rør inn 900gr mjøl.
4. Ha deigen på bakebordet og del deigen i 4.
5. Kna inn ca 700gr mjøl.
6. Del i bakeemner på størrelse med ei stor bolle.
7. Bruk litt mjøl og bak ut lefsene.
8. Steikes på takke med middels varme på begge sider.
9. Stryk overflødig mjøl bort med ein kost.
 
NORDLANDSKAKER
2 beger 3dl rømme
3dl kulturmjølk
150 gram sukker
150 gram smør
1 liten boks, 500gr, lys sirup
6ts hornsalt
1,2 kg kveitemjøl. Bruk så lite mjøl som mogeleg for å unngå at deigen vert hard.
Deigen kan godt stå i kjøleskapet over natta.
Dei deigen opp i emner på storleik med eit egg. Bak emna ut med eit kjevle. Bruk litt mjøl når du bakar ut. Rist av mjøl eller børst det av før og etter steiking.
Steikes på panne eller takke utan smør på styrke 6 eller 7. Prøv deg fram.
Gode å eta som dei er eller med smør, syltetøy, sirup eller brunost.